Slåtter til sluskeball, brudlaup og finfine selskap Sør-Fron Spelmannslag CD

By: Material type: TextTextPublication details: Norge Ta:lik 2022Description: 1 CDSubject(s): Summary: 1. Galopp etter Erik Bjørke Denne galoppen er ein leik laget har gjort stor lykke med. Spelmannslaget vann Landsfestivalen med denne i 2018 og vi framførte han under folkemusikkens meisterkonsert i Den Norske Opera den same hausten. 2. Firetur etter Jehans Slåstugun Jehans Slåstugun (1839-d. i USA) var felespelmann frå Vinstradalen i Nord-Fron. Jehans er rekna som ein av dei beste spelmennene som har vore i Fronsbygdene. 3. Reinlender etter Jon Stula Ein god, men krevjande reinlender som laget har brukt i mange år. 4. Masurka etter Sigmund Hernæs Sigmund Hernæs (1905-1993) spelte fele og var ei drivkraft innan musikklivet i Skåbu. 5. Galopp etter Ola Rønningen Ola Rønningen (1899-1997) er den som har vidareført flest leiker etter Even Nordlistugun (1876-1955) – deriblant denne galoppen. Even Nordlistugun var felespelar frå Sør-Fron og har vore ei viktig slåttekjelde. 6. «På gamel-gjerda» – vals Vals av Ola Rønningen. Ola var felespelmann og han var både ei stor tradisjonskjelde og komponist. Han brukte både «På gamel-gjerda» og «Originalen» som namn på leiken, men «På gamel-gjerda» avspeglar betre den eldre valserytma og bogestrøka som er brukt her. 7. Reinlender av Ole Lien Ole Lien (1855-1940) var frå Ringebu. Han var organist, korpsdirigent og felespelmann. Ole var meir teoretikar enn spelmann, men han var mykje brukt som arrangør og spelmann på komp-instrument. 8. Masurka etter Jon Stula Jon Stula (1869-1927) var felespelmann frå Ringebu og var mykje brukt som dansespelmann. Ola Rønningen skriv: «Han spelte på alle slags samkomor, heilt frå sluskeball i anleggstida, i brudlaup på store bondegardar, til finfine selskap i embetsmannsheimar.» 9. «Per Sletten» – vals Per Sletten var frå Kvam i Nord-Fron – han var felespelmann og livde på 17-1800-talet. Per vart rekna som ein svært god spelmann i si samtid. 10. «Gammel-Nermoen» – hamburger Hamburger etter Ola Rønningen, Ringebu. Ola hadde leiken etter farbroren sin – Ole Olsen Nermoen (1870-1966), Ringebu, som lèt leiken på eit-raders trekkspel. Ole var bestefar til mangeårig trekkspelar og musikalsk støttespelar i Sør-Fron spelemannslag – Ivar Nermoen (1946-2014) – derav namnet på leiken. 11. Masurka etter Asbjørn Stensrud d.e. Asbjørn (1915-2002) var trekkspelar og denne leiken høyrde han Mass Skurdal (1904-1978) lèt til dans i 1920-åra på Haugen-salen – eit nedlagt forsamlingslokale på Harpefoss. Mass var trekkspelar frå Sør-Fron. 12. Reinlender etter Erik Bjørke Ein leik som har vore brukt av mange spelmenn i Fronsbygdene. Erik har forma ein versjon slik han kjente den.
Tags from this library: No tags from this library for this title. Log in to add tags.

17040SR-22

1. Galopp etter Erik Bjørke
Denne galoppen er ein leik laget har gjort stor lykke med. Spelmannslaget vann Landsfestivalen med denne i 2018 og vi framførte han under folkemusikkens meisterkonsert i Den Norske Opera den same hausten.
2. Firetur etter Jehans Slåstugun
Jehans Slåstugun (1839-d. i USA) var felespelmann frå Vinstradalen i Nord-Fron. Jehans er rekna som ein av dei beste spelmennene som har vore i Fronsbygdene.
3. Reinlender etter Jon Stula
Ein god, men krevjande reinlender som laget har brukt i mange år.
4. Masurka etter Sigmund Hernæs
Sigmund Hernæs (1905-1993) spelte fele og var ei drivkraft innan musikklivet i Skåbu.
5. Galopp etter Ola Rønningen
Ola Rønningen (1899-1997) er den som har vidareført flest leiker etter Even Nordlistugun (1876-1955) – deriblant denne galoppen. Even Nordlistugun var felespelar frå Sør-Fron og har vore ei viktig slåttekjelde.
6. «På gamel-gjerda» – vals Vals av Ola Rønningen.
Ola var felespelmann og han var både ei stor tradisjonskjelde og komponist. Han brukte både «På gamel-gjerda» og «Originalen» som namn på leiken, men «På gamel-gjerda» avspeglar betre den eldre valserytma og bogestrøka som er brukt her.
7. Reinlender av Ole Lien
Ole Lien (1855-1940) var frå Ringebu. Han var organist, korpsdirigent og felespelmann. Ole var meir teoretikar enn spelmann, men han var mykje brukt som arrangør og spelmann på komp-instrument.
8. Masurka etter Jon Stula
Jon Stula (1869-1927) var felespelmann frå Ringebu og var mykje brukt som dansespelmann. Ola Rønningen skriv: «Han spelte på alle slags samkomor, heilt frå sluskeball i anleggstida, i brudlaup på store bondegardar, til finfine selskap i embetsmannsheimar.»
9. «Per Sletten» – vals
Per Sletten var frå Kvam i Nord-Fron – han var felespelmann og livde på 17-1800-talet. Per vart rekna som ein svært god spelmann i si samtid.
10. «Gammel-Nermoen» – hamburger
Hamburger etter Ola Rønningen, Ringebu. Ola hadde leiken etter farbroren sin – Ole Olsen Nermoen (1870-1966), Ringebu, som lèt leiken på eit-raders trekkspel. Ole var bestefar til mangeårig trekkspelar og musikalsk støttespelar i Sør-Fron spelemannslag – Ivar Nermoen (1946-2014) – derav namnet på leiken.
11. Masurka etter Asbjørn Stensrud d.e.
Asbjørn (1915-2002) var trekkspelar og denne leiken høyrde han Mass Skurdal (1904-1978) lèt til dans i 1920-åra på Haugen-salen – eit nedlagt forsamlingslokale på Harpefoss. Mass var trekkspelar frå Sør-Fron.
12. Reinlender etter Erik Bjørke
Ein leik som har vore brukt av mange spelmenn i Fronsbygdene. Erik har forma ein versjon slik han kjente den.

There are no comments on this title.

to post a comment.